SALMON GROUP PÅ AQUANEXT

© design Artgarden.no

Fantastisk stand med Salmon Group:

– Eit godt omdømme kjem ikkje av seg sjølv; det byggjer vi gjennom openheit, ærlegheit og ved å vise at vi er stolte av jobben vi gjer. Vi må tore å vere til stades og tilgjengelege, svare på spørsmål og lytte til bekymringar frå publikum, seier Jan Olav Langeland, daglig leder i Salmon Group . – Dette er ikkje berre ei moglegheit, men ei nødvendighet for å skape ei ny forståing og tillit til næringa vår. Nettopp derfor har Salmon Group valgt å vere til stades på AquaNext i Stavanger, 11.-13.juni. For å byggje eit positivt omdømme må vi vere aktive og synlege på arenaer der vi kan dele vår kunnskap og erfaringar.

Målet med standen er å drive med kunnskapsformidling, kor publikum som er innom skal kunne gå derifra med litt meir kunnskap om korleis ein fôrer fisken i merdene, korleis og kvifor ein vaksinerer fisken og korleis ein velger ut den beste genetikken og rogna – som er dei tre kjernevirksomhetene i Salmon Group.

På AquaNext vil vi vise at den rødlista lokaleigde oppdrettaren framleis eksisterer – og at vi som gruppe er større og fleire enn mange trur! Det er tross alt fleire som driv med oppdrett langs kysten, ikkje berre dei store børsnoterte. Under AquaNext er du hjertelig velkommen innom standen vår 4100 for gode samtaler og ikkje minst for å smake på herlig laks og ørret i frå selskapa i Salmon Group-nettverket, avsluttar Langeland.